Du er her:

Gje oss melding

Oppdatert: 26.06.2017

Oppdagar du at noko ikkje er i orden, set vi stor pris på om du varslar oss.

Ulovleg fiske

Fiskeridirektoratet kontrollerer fritidsfisket gjennom heile året, mellom anna i tett samarbeid med politiet og Kystvakta.

Døgnopen beredskapstelefon

Fiskeridirektoratet har eit døgnbemanna beredskapssenter (FMC) i Bergen. I kontortida når du oss på telefon 55 23 80 00.

Ved akutte situasjonar kan du ringe vår døgnopne beredskapstelefon 55 23 83 37 / 911 03 277.

Her kan du mellom anna varsle oss om:

  • akutt forureining
  • store algeoppblomstringar
  • manetinvasjonar
  • rømt oppdrettsfisk
  • døde sjøpattedyr

Døde sjøpattedyr

Oppdagar du døde sjøpattedyr, skal du i utgangspunktet kontakte teknisk etat i kommunen der funnet er gjort, eller ein av Fiskeridirektoratets regionar.

Gjeld det større tal døde dyr, må Fiskeridirektoratets hovedkontor, telefon 55 23 80 00 eller vår beredskapstelefon 55 23 83 37 / 911 03 277, kontaktast.

Skipsvrak og andre kulturminne i sjøen

Båtar som er meir enn 100 år, skipsskrog, last og anna som har vore om bord i slike båtar er statens eigedom. Ingen har lov å grave fram, flytte, ta opp eller på anna måte skade slike gjenstandar.

Oppdagar du slike kulturminne pliktar du å ta kontakt med næraste politikontor på telefon 02800.

Oljeflak

Akutt forureining og store oljeflak i sjøen skal meldast til Kystverket. Deira vakttelefon for akutt beredskap er 33 03 48 00.