Du er her:

Oppdatert hummarfilm på YouTube

Oppdatert: 29.09.2017

Sidan i fjor har Fiskeridirektoratet hatt fleire filmar om fritidsfiske på YouTube, deriblant ein film om hummarfiske. Filmen er no oppdatert i samsvar med dei nye reglane som kom no i september.

Filmen er på tre minuttar og tar for seg dei mest sentrale reglane som gjeld for fritidsfiske etter hummar.

Dei nye reglane om registrering og maksimummål for hummar er no redigert inn i filmen som Screen Story har produsert for Fiskeridirektoratet.